Ny forsyning med vatn
24.08.2006
Vi har venta på regn i mange dagar, håpa hardt og lenge. Når det først regnar her, er det tett og i store mengder. På under ein time fekk vi samla 200 liter vatn.
Vi og gjengen på La Familia sprang som ville på dekk og fekk fylt opp alt som kunne romme vatn. Då tankane og kannene var fulle, gjekk vi over til bøtter, flasker, panner, desilitermål... Frode har laga ein vannsamlar av vatnet som treff dekk. Det vert leia bak og lagt i ein slange. Det likna ei vasskran :)
No har vi vore på Chagos i over ei veke. I og med at det ikkje bur folk her, er naturen uberørt. Palmane som er ca 20 meter høge, veks tett i tett. Dei bugnar av kokosnøtter. Midt inne på øya er det mørkt og fuktig, sidan palmekrunene ikkje slepp sollyset inn. Øya er rik på fugleliv. Spesielt har vi lagt merke til kvite terner som det er mange av. Dei er heilt snøkvite, og flyg alltid to og to saman, heilt synkronisert, nesten som skuggar av kvarandre. Dyrelivet i sjøen ber ôg preg av å ha fått leve i fred. Vi symjer blant skilpadder som berre kikkar dovent på oss. Frode såg fire skilpadder på ein symjetur i går. På grunna, langs land, sym det djevelrokker og skater.
Eg, Therese og Sally (jentene på La Familia) var på kajakk-tur for to dagar sidan, og fekk selskap av ein gjeng på kanskje 10-15 delfinar. Dei svømte rundt kajakkane, hoppa, dukka ned, og dukka opp igjen ein heilt annan stad. Trur dei var like nysgjerrige som vi var.



