På lavvatn kan ein gå rundt heile øya. Turen tar ca tre timar, og det er tida ein har før bølgene på nytt skyller opp over stranda. Vi går frå flat sjø og vindstille i lagunen, til vind og bølger som slår på utsida.
Frode fridykka på utsida av revet, der revet ender og havbotnen stupar til fleire tusen meter ned. Det var kjeeempekjekt.
Ved forrige fullmåne, var det fullmånefest på stranda. Kvelden blei innleia med volleyballkamp med påfølgande pot lock (ein kulinarisk opplevelse der folk dukkar opp med fantastiske rettar). Resten av kvelden blei tilbragt på stranda; opplyst av fullmånen og fylt av eventyr frå seglarar som har brukt siste 20 åra på å oppleve verda.
Øygruppa Chagos har ein ganske trist historie, som ender i 1967, då britiske myndigheter fann ut at øyene skulle tømmast for folk. Innbyggarane vart lurt til å fly til Mauritius, og vart nekta returbillett. Her har ikkje budd folk på 40 år, men ruinane står att, gravplassen er her, brønnen er her. No er det berre seglarar her, og nokre er her opptil eit år om gangen. Det skal finnast ein dokumentarfilm som nylig er laga om Chagos. Den heiter "Chagos, the forgotten people", om nokon vil vite meir.
Vi planlegg å sette segl i morgon. Ruta er satt ut i kartet, og neste stopp er Madagaskar. 1500 mil, og 11 dagar herifrå.
Vi har det bare bra - håpar det same for dykk!
M&F
Rapport fra Chagos
11.09.2006
Det er lett å miste litt oversikten over ting her på Chagos... som tid og stad. Vi har lagt klokkene bort, og bruker andre begreper, som er kjennast sjølvsagte her. Dagens gjøremål er ofte styrt av tidevatn, sol og måne....



