På veg langs Madagascar
04.10.2006
No har vi lagt bak oss meir enn ei veke her på Madagaskar. Inntrykka er mange, og tida flyr. Vi har dagsegla nedover vestkysten, og fekk sjå mange flotte stader på vegen. Vinden har vore mildt sagt varierande, øst på morgonen, vest på kvelden, 30 knop ein dag, 0 den neste. Vi har segla saman med La Familia og Eagle Wing heile vegen, og hatt det veldig sosialt, turar i land, pannekakelunsj og stort sett middag saman. Vi har fått møte mange lokale nedover kysten. Trass til dels store språkproblemer, har vi gjort mykje byttehandel og flira mykje saman. Når vi kjem til ein ny plass, tar det venlegvis ikkje mange minutta før dei første kanoane kjem på besøk.
Kanoane er smale med høge kantar, så dei i fasongen liknar høge vikingskip. På eine sida, eller begge, er det uteliggarar som er ein liten stokk som ligg parallelt med skroget, nokre meter på kvar side. I kvar kano er det plass til tre til fire personar. På dei større kanoane, har dei laga ei mast, forma som ein stor V, der dei har spent ein striesekk mellom.
"Salama!", ropar vi då dei første kanoane kom bort til Petrell. Det tyder "God dag" på malagasy, og er det første av tre ord vi lærer denne dagen. Dei første vi møter er eit ungt par. Ho sit fremst i kanoen, kledd i en rosa sarong og med det krusete håret i fletter. Ho viser fram store skinande skjell, og vil gjerne bytte til seg tomme syltetøyglass og ein fiskekrok om vi har. Vi seier nei takk til skjella (som vi bør, sjølv om fristelsen er stor), og får ein klase bananer og nokre lime i staden. Dette var berre byrjinga... I tre timar var det tett trafikk mellom Petrell, La familia og Eagle Wing. Vi i mellom kalla på radioen, og tipsa om kva dei forskjellige hadde gøymd i kanoane sine - og kva dei ville ha i bytte.
"Høvdingen har egg!", høyrer vi på VHF'en... Utan fersk mat på tre månader er vi glade for alt det gode vi får. Og kanoane padlar nøgde tilbake til landsbyane sine med nye batteri, t-skjorter, blyantar, fiskekrokar og tomme syltetøyglas. Vi tykte det var spanande å teste ut lokalspråket, så med ordliste og litt velvilje, hadde vi lært oss to nye ord; "misaotra" og "veloma", som tyder henholdsvis "takk" og "hadet".
I går ankom vi Nosy Be og byen Hell Ville. Her er det travelt. Når vi kjem i land med jolla, står det ein gjeng unge gutar parat til å vere "jolle-vakt", og tar 2000 yariyari for ein dag, som er ca 7 norske kroner. Havna er travel, og det er godt at nokon ser etter jolla medan vi gjer ærend i land. Byen er proppfull av gamle kolonibygningar, som står til nedfalls. Flotte søylegangar og prektige fasader fell saman og husar fattige malagassarar. Vi kjenner oss velkommne med det same. Kvite smil og kvite handflater helsar oss kvar vi ser, anten på land, eller når vi passerer ein av dei mange seglkanoane på sjøen.
I dag åt vi frokost på kafe. Det må vere toppen av luksus... Fem kroppar vart metta på under 100 kroner - inkludert Frode sin, så det er ingenting å seie på prisane her.. Etterpå var vi på markedet og fekk fylt opp lageret med deilige ferskvarer. Egg, tomatar, løk, kål (har ikkje vore ombord på tre månader), Stor stas. I kveld skal vi på pot-lock (alle tar med litt middag) på ein nabobåt. Dei fekk ein meter lang dorado (mahi-mahi) på turen hit, og delte ut fiskefiletar, så alle kan ta med seg ein fiskerett.
I morgon skal vi flytte oss inn i ei bukt like ved, der det renn ei elv med ferskvatn som vi kan drikke. Endeleg kan vi fylle opp tankane, vaske klede, oss sjølve og båten :) Må stikke, skal plukke opp Frode på kaien. Han og Luke (Eagle Wing) er i byen for å fylle ikkje mindre enn sju jerrykanner med diesel... og eg er jolle-taxi.
Ha det bra alle sammen!!



