Petrell
Du er her: HjemReisebrev › Reisebrev 28 - CHAGOS, INDISKE HAV
Reisebrev 28 - CHAGOS, INDISKE HAV
09.10.2006

Eit reinsa paradis

”Av og til kan ein tragedie vise oss korleis eit heilt system kan fungere bak ein demokratisk fasade, og vi kan forstå korleis styresmakter lyg, og kor mykje av verda som vert styrt for å tjene folk med makt…” . Slik innleier John Pilger sin artikkel om Chagos; Diego Garcia: Eit reinsa paradis. I dette reisebrevet vil eg gje ei kort referat om kva artikkelen fortel om.

Chagos er ei øygruppe i Det Indiske Hav, som tilhøyrer Storbritania. Då vi planlagte turen til Chagos, var vi klare for bekymringslause dagar med snorkel og maske. Chagos skuffa ikkje, fantastisk natur, både i vatn og på land, men ein liten bismak låg og lurte i palmesuset.


Klikk her for å se bildene! 

Ein gong for 40 år sidan var det yrande liv her. Ungar leika på stranda,  gjekk på skule her. Dei vaksne jobba i kopraindustrien (tørka kokosnøtt). Her var jernbaneskinner, kaiar, sjukehus. For 2000 mennesker var Chagos heim, der dei vaks opp, og den verda dei kjende til.

Ein dag i 1961 steig ein amerikansk admiral i land på øya Diego Garcia, og den blei øyremerka amerikansk militærbase. I dag er 30 krigsskip ankra opp utanfor øya, her er kjøpesenter, ein satellitt spion stasjon, bar og golfbane. Men kor blei det av kopraarbeidarane?
For å bli kvitt innbyggjarane, og rettferdiggjere det heile, fekk ”framand arbeidarane” løyve til å reise heim til Mauritsius, kontrakten var over. På gravplassen kunne ein finne graver som strakk seg fem generasjonar bak i tid. Kor er eigentleg heim?


Petrell på Chagos

Vi ankom Salomon Atoll i Chagos 13.august, etter 11 dagar på havet. Seglasen var fin, vi hadde 15 – 20 knop i ryggen heile vegen, og hadde ein snittfart på 5,9 knop.

Vi får tidleg auge på atollen i horisonten. Palmekronene strekkjer seg 25 meter til værs, og litt på kryss og litt på tvers. Vi slepp ankeret ved sida av La Familia og kastar oss i sjøen. No er vi der vi skal vere. Vi har fått tida tilbake.


Vi tilbringer mykje tid i land. Det er mykje å utforske, og mykje å nyte. Det er om lag 15 båtar i heile lagunen, og mange har vore her i over 6 månader. Chagos har fått nye innbyggjarar. Båtane ”Papagena” og ”Tigger” har vore til og frå Chagos i 6 år. Med jamne mellomrom reiser dei til Thailand eller Malaysia for proviantering. Deretter bærer det tilbake til Chagos og livet der. Nokre har grønsakshagar på land, fersk chili, ein fersk tomat no og då, basilikum, oregano. Alt dette får vi nyte godt av når det nye Chagos-samfunnet dukar til korgfest. Uoffisielt meiner eg det foregår ein liten konkurranse om å kunne diske opp med flest mulig ferskvarer i ein og same rett. Det florerer av gresk yoghurtkultur som er fleire hundre år gammal, heimelga cottage cheese og heimelaga risvin. Vi klyp oss i armen. Vi har veker til rådighet her, blanke ark og vi kan velge å fylle ut eller la være.

Poisson Cru (rå fisk) blei ein hit. Gjengen vår, som bestod av fire båtar, hadde stadige work-shops i land. Vi sanka kokosnøtter, opna, kakka nøtta, raspa kjøttet, skviste kokoskrem og laga deilig poisson cru. Kveldane blei ofte tilbragt under palmene, eit godt måltid, godt selskap. Vi flirar mot månen og spelar gitar. Og mens grisen står og hyler, og månen lyser kvit – sit vi der på stranda og ler og pratar skit.


Dagane går fort. Eg får ein bursdagsfest det enno går gjetord om mellom bølgene i det indiske hav. Vi har ein fullmånefest på land, der eg får høyre vikinghistoriar og segn frå Grønland av ein som har navigert etter norske sagaer. Han inviterer meg om bord, og eg får sjå bilete av ei open grav han fann på Grønland. Han meiner bestemt denne hodeskallen stammar frå ein norsk viking.

Vi får testa båtbyggarferdighetene våre når Luke på den engelske båten ”Eagle Wing” skipar til Chagos Flotsam BoatRace. I korte vendingar inviterer han til båtrace, der alle lagar ein båt, 50 cm lang, av alt det er mulig å oppspore på øya. Palmeblader blir segl, røtter blir til stag, bambus blir skrog… 9 båtar stiller til start, og nesten like mange uteblir frå målstreken. Nokon gongar er det utsjånaden som tel. Team Petrell håva i land ein andreplass, ein sisteplass, og ein pris for mest interessante båt. Interessant er eit vidt begrep.

Mot Madagaskar

Fem veker går unna. Tida tar innpå oss og vi må vidare for å holde tet. Vi kjenner oss heldige som har hatt to gode overfartar i det indiske hav, og lurar på om vi kan fortene ein tredje. Vi skal til Madagaskar, berykta for stor sjø og mykje vind på nordsida.

Kort fortalt, fekk vi to dagar med spinnaker, tre dagar på kryss og deretter 25 knop frå sida resten av turen. Det blei vått, men absolutt levelig. Siste 15 mila tok vi heilt opp til land. Vi runda toppen av Madagaskar med 40 knop i ryggen, kom oss straks i le for bølgene på vestsida og kunne puste letta ut.
Brått var sjøen flat og vinden god, og det låg an til eit lite 10 mils båtrace med La Familia, Eagle Wing og Petrell på oppløpssida. Snart kunne vi droppe ankeret – og vi kjente oss alle som vinnarar.

Madagaskar, her er vi. Staks ser eg for med filttavla og lysbildene på søndagsskulen, og min båt er så liten, åresalg, kaffi og basar. Vi er tilbake til ein verdsdel vi har vore i før. Det har blitt oktober, og neste månad vil vi vere i Sør Afrika. Men først Madagskar. 

Klikk her for å se bildene! 



Bilder

Bilder fra La Familia_ Chagos_ september -06 016Bilder fra La Familia_ Chagos_ september -06 030Bilder fra La Familia_ Chagos_ september -06 035Chagos_ 02_- 04_09_06 033Chagos_ 02_- 04_09_06 036Chagos_ 04_- 07_09_06 136Chagos_ 04_- 07_09_06 140Chagos_ 07_- 12_09_06 025Chagos_ 19_ - 21_08_06 117Chagos_ 21_ - 25_08_06 020Chagos_ 21_ - 25_08_06 040Chagos_ 21_ - 25_08_06 070Chagos_ 25_ - 28_08_06 030Chagos_ 25_ - 28_08_06 033Chagos_ 28_ - 02_09_06 158Chagos_ 28_ - 02_09_06 159DSC02458DSCN5930

« Tilbake til reisebrev

×