På gyngande grunn
Desse 20 mila er til gjengjeld svært interessante mil. Vi har blitt tipsa om å legge oss nært land for å unngå dei store bølgene som bygger seg opp rundt ”Nordkapp”. Eg står ved roret, Frode les kart. Bølgene bryt, vinden aukar på og snart ser vi 40 knop på vindmålaren. Vi surfar mot land, freistar å halde same fart som bølgene. Nokre gongar ser vi bølgedalen som ein bratt nedoverbakke framfor oss, vi kjenner suget i magen og er klar for neste. Slik baksar vi fram før vi smett rundt kappet og sjøen er flat som ei norsk pannekake. Vinden er fortsatt sterk, så vi får ein fantastisk regatta med La Familia siste timen før vi kan ankre.
Landejorda som no blei Madagaskar reiv seg laus frå det Afrikanske kontinentet for 150 millionar år sidan. Både folkeliv, dyr og plantar har utvikla seg i andre retningar enn i Afrika, noko som gjer Madagsakar unikt på mange måtar. Innbyggjarane kjem originalt frå Polynesia, og slo seg ned på Madagaskar for 1500 år sidan.
Vi brukar ei veke nedover kysten før kjem til første by, papirarbeid og virkelighet. Eg trur vi trengte den veka på å skifte modus. I seks månader har vi drive rundt på det Indiske Hav. Vi har stilt klokka etter sola, lagt opp dagen etter tidevatnet og vore herre over eigen eksistens og gjeremål. Ein milepæl, ein ny fase av turen.
Vi har gode dagar. Vi kjem i kontakt med dei få lokale som bur på øyene. Vi byttar t-skjorter mot hummar, fiskekrokar mot lime og nyter å vere vel framme.
”Port de Hell”
Nosi Be og byen Hell Ville, som kan by på det legendariske skiltet ”Port de Hell”, er støvete, masete men nødvendig. Det er vanskelig å kome i land med jolla, og det står et lite samfunn av ”jollepassarar” som ser etter jobb. ”Moi, moi”, alle vil tjene nokre turistdollar. Vi skjønar at det er eigne reglar kring båtpassarane. Dei yngste får jobbe, men må betale ein andel til dei eldre. Nokre er til å stole på, andre ikkje. Vi kjem fort inn i dette, og får ein fast båtvakt. 17 år gamle Kahid passar på båten vår ein heil dag, og tener 2000 aryari, 7 kroner, og gjer ein bra deal.
Vi kosar oss med baguettar, zebu-steik (biff), frukt og grønnsaker. Innan to dagar, har 8 av 12 i vår lille seglargjeng fått den berykta ”helly-belly”. Som er ein lite basselusk med stor effekt, og har fått det klingande namnet etter byen Hell Ville, og etter effekten den har på magen. Eg går fri, og er takknemlig for det. Frode blir liggande eit døger, men er snart på beina att.
Jentetur til Mahajanga
Sally, som har vore om bord La Familia sidan Australia, har bestilt flybillett til England, jobb, plikter og inntekt. Vi bestemmer oss for å slå minst tre floger i ein smekk, og følger Sally til flyplassen, får oppleve litt av innlandet, og får kome av båten nokre dagar. Tre spente jenter stig om bord den skumle ferga (dumpa av Frankrike etter 50 års teneste, går no i skytteltrafikk på Madagaskar) Jean Pierre. Turen sørover kysten tar 20 timar, og mitt skip er lasta med høyballer, høns, store og små. Vi kosar oss om bord. Det er kjekt å segle i stor båt utan ansvar for verken matlaging eller nattevakter. Vi flatar ut på golvet, vert gynga i søvn og snart er vi framme.
Mahajanga er ein flott by. Lite er tilrettelagt for turistar, og vi kjenner at vi får kikke litt på ”innsida” av Madagsakar. Vi går på markedet, vi spelar trommer og gitar med nokre vi møter der. Vi køyrer pouss-bus, ei vogn som blir trekt rundt av ein mann raske bein. Dette transportmiddelet går langt tilbake i tid, og er ein heilt kvardagsleg måt å forflytte seg rundt i byen. Blant anna vert ungane henta av ein pousse-bus etter skulen og køyrd heim.
Når sola har gått ned og gatene vert mørke, trekker folk ut for å ete middag. Langs gatene finn vi mange små grillar med benkar rundt. Ved grillen sit ein mann eller ei dame som grillar grillspyd medan vi ventar. Det er veldig billig og ikkje minst veldig godt.
Heri
Lavt budsjett, både på penge- og tidsfronten, gjer at vi må vere raske og effektive. Nasjonalparken Ankarafantsika er neste stopp på programmet. Her møter vi Heri som blir vår guide dei to dagane vi har til rådighet. Heri er 40 år og jobbar lange dagar, og kvar dag, i nasjonalparken. Ho er utdanna sosiolog. Dette må ho skjule for sjefen i frykt for å vere ein trussel for hans ego, og dermed miste jobben. Heri fortel med stjerner i augo om dyra vi ser på vegen. Ho har eit falkeblikk som gjer at vi får sjå fem ulike lemurar. Ho får auge små auge mellom greinene, i hulrom i trestammane og mellom buskar på bakken.
Vi lærer mykje av Heri. Ho tener ikkje mykje, men av det vesle ho har, betalar ho skulegong for to nevøar. Utdanning for borna er den beste investeringa ho kan gjere. Heri er interessert i jordomseglinga. Vi blir brydd, og skjønar kor priviligerte vi er. Ikkje fullt ut, men ein liten smak, om enn litt flau. Heri seier at om ho hadde pengane, ville ho reist. Eg spør kor ho vil reise. ”Eg vil sjå Madagaskar”, seier ho.
Vi går ein lang tur ein kveld, og ender opp ute på raude sletter. Sola har gått ned, men vi ser framleis flammar i horisonten. Det er ein av mange skogbrannar som øydelegg dette landet som Heri er så glad i, men som ho enno ikkje har sett.
Fem veker går fort i Madagaskar, og inntrykka er mange, men vi må vidare. Orkansesongen er ikkje langt unna, og den vil vi ikkje oppleve på nært hald. Vi legg ut med kurs vestover.








































