I medstraum mot Sør-Afrika
Det er sterke straumar langs Afrika-kysten, og desse kan gje oss mange gratis mil på vegen mot Richards Bay. Vi er sju båtar som legg ut saman. Vi snakkar med kvarandre på SSB-radioen to gongar dagleg, utvekslar vermeldingar, status q, selvfølgeligheter og frustrasjoner. Vind og ver i dette området er varierande. Vi har dagar med vindstille. Spinnaker og motor deler på oppgåvene. Fred, sør-afrikansk radioamatør og vær-guru, er på nett to gongar dagleg. Eg sjekkar inn, seier kvar vi er og får vermelding for dei neste tre dagane.
Eg har ein draum…
Snart får vi melding om ein kaldfront som vil passere om nokre dagar, 40 knop frå sør. Vi bestemmer oss for å reise inn til Mozambique og ri stormen av. Foreløpig er det rolig og greit, og Mozambique er ikkje langt unna. Natta før vi kjem i land, bles det 30 knop på mi vakt. Eg går til køys klokka tre, og innan ti minutt er motoren i gang. Vinden forsvann, men det tar lenger tid før bølgene flatar ut. Eg sovnar og drøymer meg langt vekk…
I draumen er eg på restaurant med mamsen og papsen (i drømmeland, der går allting an…). Etter eit fantastisk måltid, set vi oss ut på ein benk utanfor for å la maten sige.
Brått går det opp for meg at det ikkje er ein vanleg benk. Vi har plassert oss sjølve i ei berg og dalbane. Det er enno nokre minuttar til avgang, så vi bestemmer oss for å sitte litt til. Men vi er for sein.
Vi byrjar å rulle forover, og før eg veit ordet av det, heng vi opp ned, og eg skjønar at vi ikkje har fått på oss sikkerthetsbøylen. Vi heng opp ned, og endeleg klarar eg å sikre oss. Vi slenger hit og dit. Vi henger opp ned, det ristar og eg tenker at dette var ein dårleg idê….
Eg vaknar, og eg tenker; skitt, vi er i ei berg-og-dal bane!
Petrellen nærmar seg elvemunningen, tidevannsstrøm, dønningar og grunt vatn gjer det heile litt meir interessant enn vi likar. Det står på nokre timar, men snart er vi inne, ankeret festa i Mozambique-sand og alt er bra. Det er enno nokre timar til vinden kjem, vi et deilig grilla fisk om bord ”Freefall” og går heim og legg oss.
Klokka tre vaknar vi med eit brak. Det smeller i skutesida vår. Vi er i cockpiten på under fem sekund og ser Freefall ligge å slå i sida vår. Det bles kuling og allemann er på dekk. Vi får pressa ned nokre fendarar, motoren kjem i gang og snart er Freefall på betre kurs. Vind og straum har dradd båtane i forskjellige retningar, og det endte med eit lite dunk i sida. Ingen skade skjedd. Alt vel og litt komisk. Vi er sjelden kledd for dette midt på natta – godt det var gamle kjente med same dresscode…
Vi vert liggande i fire dagar, nok til å ri av stormen, og Therese sin gebursdag. I god Chagos-tradisjon, var arrangementskomiteen på hemmeleg VHF-kanal og på hemmelege møter. Det blei stafett på stranda, oppdressing, limbo og matgilde etterpå. Therese blei lang i maska då 12 feststemte borda La Familia. Festen var bra, og festen varte lenge.
Innspurten til Richards Bay
Vi høyrer at livet heime blir samanlikna med ein karusell. Kvar morgon er det berre å henge seg på, svinge seg i valsen og få ting gjort. Det går i ett, og det går fort.
Langs Afrika-kysten hengte vi oss på ein karusell. Då vi nærma oss Sør Afrika kvein det i segla. 3 knops medstraum, 10 knops båfart. Det gjekk unna, og det var bra, for neste kaldfront låg og lurte rundt neste sving.
Vi hadde 30 mil att, då vinden byrja å auke på. Regnet rant i strie straumar, sikten var på ca 20 meter og eg ønska karusellen kunne stoppe. Berre for ei lita stund. Frode styrte, eg las kart og fulgte med på radaren.
Brått ser vi ein båt på radaren. Foreløpig tre mil unna. Tåka er tett, så Frode kan ikkje sjå den. Det ser ut som om den har kursen mot oss, og eg bestemmer meg for å kalle på han. ”Motor vessel approaching sailing vessel. Posistion…”. Ingen svar. På radaren er båten ei mil unna, men det er fortsatt ingen respons på radioen.
Frode roper frå cockpiten. Eg spring ut, og rett ut frå tåkedisen ser vi ein vanvittig baug. Den peikar rett mot oss. Vi får starta motoren, vrengt oss unna, jibba seglet. Vi ser ein 200 meter lang vegg av tankskip passere og vi skjønar det var nære på. Eg går ned, sint og redd, og kallar på båten igjen. Det er ingen svar derifrå, men derimot frå Durban Radio. Dei skjøna situasjonen, og ville ha detaljar om kva som hadde skjedd. Faren var over, men det var godt å få svar.
Nok ein gong slår det meg at eg ønsker med ein pauseknapp. Berre ein liten pust i bakken. Det er ein del av dette livet, på godt og vondt. Det handlar til tider om å ta rette avgjersler i rette tida. Bite tennene saman, gjere det beste ut av det. Det må vel til for å balansere hummarmiddagar og snorkling kring korallar.
Vi baksar vidare. Vinden aukar på, regnet piskar, og snart kan vi vende baugen inn mot land. Vi får klarsignal frå havnekontrollen, og kan legg oss i kanalen. No bles det 45 knop i kasta, og Frode får pressa baugen i rett retning. Richards Bay er ei travel hamn, og frakteskipa ligg utanfor kanalen og ventar på grønt lys for å entre. Vi veit dei er der, men i tåka ser vi ingenting. Eg kallar dei opp, oppgir posisjonen vår så dei kan vite at vi er her. Eg får svar, dei dobbelsjekkar posisjonen og vi kjenner oss tryggare.
Omsider smett vi innanfor moloen, bølgene flatar ut. Seks båtar har ankome nokre timar før oss, og velkomstkomiteen står klar til å ta i mot oss. Regnet pøsar ned, kalde og våte fortøyer vi. Praten går. Alle har historier å dele. Vi lar båt vere båt, trassar at alt er vått og kipt, og snart er vi på puben med resten av gjengen. Trøtt som ei fele og glad som ein laks, med lammesteik på fatet.
Vi har bestemt oss for å ligge her i Richards Bay til over nyttaar. Her ligg baade vi og baaten trygt, og elefantane er like om hjoernet...
Alt vel, Petrell’s








