Etter to månader i Richards Bay, med julebesøk og sightseeing, kasta vi loss like før midnatt i går. Her i Sør Afrika er det værvindauga som styrer kva tid vi kan reise vidare, og i går var det eit lite vindu vi kunne smette gjennom til Durban. Vi jobba intenst med å bli klare, sveisaren leverte siste del til soltaket vårt, Frode festa siste skruen, og like før midnatt kunne vi sette ut.
Med forrige tur sterkt i minne, var vi ein smule skeptisk før vi la ut, men det var ingen grunn til bekymring. Fullmåne, 25 knop i ryggen og medstraum. Ein kjempetur. Vi fekk siste plassen i marinaen her (av og til er det OK å vere minst). Her blir vi liggande i ei veke eller så og vente på neste værvindu, så vi kan snirkle oss vidare rundt kysten. Alt vel, Petrell



