Petrell smilar om dagen.
10.02.2007
Ho har fått nytt soltak, letrekk og to nye segl. Mannskapet synast det var i drøyaste laget, men når forseglet går hen og delaminerer seg, er det ikkje anna å gjere. Så no entrar Petrell Atlanterhavet med fjør i hatten, vel fortent etter å ha frakta mannskapet trygt og godt rundt den ville Afrikakysten. Cape Town har vore ein flott stopp. Vi har gjort mykje på båten, fått omvisning på Robben Island, der Mandela sat fengsla, vore på fjelltur og nippa cappuccino på utekafè. No er tida i ferd med å renne ut. Visumet går ut på mandag, og vi har mange mil framfor oss i Atlanterhavet.



