Petrell
Du er her: HjemReisebrev › Jorden rundt!!
Jorden rundt!!
21.02.2007
Sidan sist har vi passert vår heimlege lengdegrad, 5 grader øst, og kjenner oss litt som jordomseglarar. No har vi 500 mil igjen til St.Helena, og reknar med å vere framme på søndag. Petrellen luffar avgårde vestover med vinden i ryggen, forseglet på spinnakerbom, og mannskapet med nasen i kvar si bok. Vi har endeleg fått teste ut den nye genakeren vår, og den er vi blitt go'venn med allerede. Enkel å ta opp og ned med strømpe, og vindroret mestrer seiglet meg glans. Ellers har det vært nokre småjobbar som har dukka opp etterkvart. Blant anna måtte Frode reparere ein øydelagt do her ein kveld, noko som medførte at han måtte tilbringe meir enn ein time på vårt romslige badeværelse. Frode var veldig fornøyd med det.
Sola er kostbar, men viser seg litt meir for kvar dag, og for kvar grad vi beveger oss nordover. Beksvarte netter er avløyst av stjerneklar himmel, og Orions Belte, Skorpionen og Casiopeia er fast selskap på nattevakt. 
Klikk her for å se vår posisjon på kartet

« Tilbake til reisebrev