Petrell
Du er her: HjemReisebrev › Vel fremme på St. Helena
Vel fremme på St. Helena
27.02.2007
St.Helena ligg som ein stor taggete koloss midt ute i havet. Vi får auge på øya når vi er 50 sjømil unna. I det same sola står opp søndag morgon, ser vi dei bratte og mektige fjellsidene. Dei andre tre båtane vi har segla med, er allereie inne, og Petrell putrar for motor for å rekke inn før mørket kjem. Det klarar vi med god margin. Ein stor flokk med delfinar helsar oss velkomne i det vi rundar nordsida. Snart ser vi mastetoppane i James Town der vi skal ankre opp. Det er djupt, og vi må skjøte på våre 50 meter med kjetting for å ligge godt. Vi har lagt bak oss 1700 sjømil på 13 dagar, lite vind men høg trivselsfaktor. Posisjonen vår er 15'54 sør, 0005'43 vest, og det vil den vere i nokre dagar til. Når vi reiser herfra, vil vi vende baugen nordvestover, men har ikkje bestemt oss for om det blir stopp i Brasil, eller om vi reiser rett til Karibbean. I morgon skal vi leige bil, og utforske øya. Kanskje finn vi grava til Napoleon?
Alt vel her! Petrell

« Tilbake til reisebrev