Petrell
Du er her: HjemReisebrev › Reisebrev 32 - ST.HELENA OG SØRLEGE ATLANTERHAV
Reisebrev 32 - ST.HELENA OG SØRLEGE ATLANTERHAV
18.04.2007

Petrellen blir liten i dette selskapet...
Petrellen blir liten i dette selskapet...
Grytidleg på morgonen vaknar eg av duvande reaggerytmar, musikken blir høgara og høgare, sola kikkar inn gjennom gluggen og Frode ruskar meg i håret. ”Welcome to the Caribbean, woman!”. Etter 3800 mil, 33 dagar, 15 utleste bøker, 7 dagar med vindstille og 4 timars søvnintervallar er det forgjettede land 2 mil unna.
Klikk her for å se bilder

Avreise frå Sør Afrika


Visumet vårt syng på siste vers. Vi har fått våre tre månader i Sør Afrika, men kjenner enno ikkje at vi har fått heilt grep om dette landet. Så mange inntrykk, på land og til havs, fattigdom, rikdom, vindstille og storm. No skal vi vidare. To nye segl ligg fint samanlagt i stikkøya, og vi er klare for Atlanterhavskryssing. Igjen.

Vi set kursen mot St.Helena. Vinden sukkar dovent i segla, sjøen er rolig og roen senkar seg over Petrell. Dei siste dagane har vore travle. Er alle innkjøp gjort? Har vi nok diesel? Rekk vi å forlate landet før visumet vårt går ut? No er vi på veg. Lufta er kjølig, ullstillongsen er på, lua godt nedover øyrene. Vi veit at når vi droppar ankeret igjen, er det i tropevarme. Det skal bli deilig.

Turen tar oss 13 dagar. Siste tre dagane før landkjenning droppar vinden, og vi går så vidt på fram. Litt motor, litt segling, og snart ser vi St.Helena ruve over horisonten. Vi er framleis 40 sjømil frå land, men det er godt å ha noko å feste blikket på. Når vi rundar nordkysten, kjem delfinane. Så langt vi kan sjå, ser vi delfinfinnar svinge gjennom vassflata. Dei dukkar ned, dukkar opp og leikar framfor baugen. Begeistra over velkomsten, og i pur glede over å sjå land, sit eg meg fremst på baugen og syng saman med delfinane. Eg syng ”Mellom bakkar og berg” og ”Tore Tang”.

Der tida står stille


St.Helena bli oppdaga av portugisarane i 1502, og dei må ha blitt fascinert av denne øya som dukkar opp midt ute i havet. Dei klarte å halde dette funnet hemmeleg i over 80 år, før engelskmennene kom, og til slutt gjorde krav på øya. Sidan 1659 har St.Helena vore Britisk koloni. Det finnast mange tegningar som viser korleis øya såg ut på den tida, og det er fascinerande å oppdaga at om lag ingenting er endra på. Bukta vi ankrar i, er dårleg beskytta frå svell og kastevindar, men synet som møter oss kvar morgon, stupbratte fjellsider og brytande bølger veg opp mot dette.

Det er ingen stader å ta eiga jolle til land. På øya finnast det båt-taxiar som fraktar til og frå seglbåtar og fiskebåtar. Dette er ingenting for sarte sjelar. På- og avstigning er alltid like interessant. Han som styrer båten, kjenner havet på kroppen, han har det i årene, tidevatn og bølgelengde. Han fører båten i land, og vi hoppar i land på ein kai, overspylt av sjøvatn. Det gjekk bra denne gongen også.

Vi bestemmer oss for å ha fem dagar på St.Helena. Saman med La Familia, leiger vi bil i tre dagar og fartar rundt på den lille øya. Øya er kanskje lita, men med alle svingar, oppover- og nedoverbakkar, blir det nokre mil kvar dag. Landskapet vekslar mellom tørr ørken og frodig regnskog. Over alt går det kyr på beite, hus klamrar seg fast i dei grøne fjellsidene og vi gløymer nesten av vi befinner oss på ein fjellknaus midt ute i havet.


Napoleon og oss


Det er litt over 7000 innbyggjarar på øya, dei fleste stammar frå boerne. Under boerkrigen, på byrjinga av 1900 talet, blei St.Helena brukt som fengselsøy. Dette pregar ikkje stemninga i dag. Folket er stolte av øya si, dei helsar, slår gjerne av ein prat og smilet er aldri langt unna.

Dette er ikkje einaste tilfellet der St.Helena blei brukt som fengsel. Napoelon sat i eksil her frå 1815 til 1821. Guidane som fortel om Napoleon, kan vise fram staselege hus, nydelege hagar og min første tanke var at det kan ikkje ha vore så ille. Litt etterkvart, kjem det fram at husa er restaurert, og lite minnar om slik dei ein gong var.

På 1800-talet var det rotteinvasjon på øya, og Napoleon sitt hus, som ikkje var tett, var innvadert. Luftfuktigheten var enorm og huset var muggent. Kleda som blei brukt av Napoleon og folket hans, var ikkje i det heile tileigna eit liv i tropene. Trass i alt dette, var det fyr på peisen døgnet rundt, i eit tappert forsøk på å tørke ut huset. Ok, kanskje var det ikkje så gjevt lell.


Den lengste overfarten


Det er nesten litt vemodig å reise frå St.Helena. Litt fordi det er tvilsomt at vi kjem tilbake nokon gong. Litt fordi at om vi vi det heile tatt kjem tilbake, vil øya vere forandra. Snart kjem det flyplass, og ein ny epoke vil ta til på St.Helena. Mest vemodig er det likavel å reise frå vårt trofaste reisefølge, La Familia reiser mot Brasil, Pamina mot Karibien, Eagle Wing mot Ascencion, og Petrell… ja, kor skal vi? Vi bestemmer oss for å sikte på sørlege Karibien. Eit stopp i Brasil for å feire jordomseglinga ville vore kjekt, men det betyr mindre tid i Karibien.

3800 sjømil ligg føre oss. Vi trekk opp ankeret, trekk pusten djupt og legg ut. Vindane er daffe, og dette tar seg liksom aldri skikkelig opp på denne turen. Fordelen er at det er roleg om bord, vi lagar god mat, les bøker, bakar brød, bakar kake, lagar pizza, les litt igjen og sånn går dagane. Etter 10 dagar på havet, får vi første anledning til feiring. Frode har bursdag, midt ute på havet. Langt fra datolinjer, klokkeslett og vårvær i Bergen. Likavel er det bursdag. Det blir et utfordrande sporløp om bord på Petrell, dikt og gåter i sjønn forening gøymd i skuffer og skap. Eplekake til dessert. Telefon fra mor. Bursdagsbarnet går til sengs med raude kinn og smil om munnen.


Jorda er rund!


Snart dukkar det opp nye grunnar til å feire. Yngve har bursdag, Emma har bursdag, vi er halvvegs, og så kjem det store øyeblikket: vi krysser vårt eige kjølvatn! Det er Petrell som merkar det først. ”Det er nesten som eg har vore her før”, seier ho, og vi må bla tilbake i loggboka. Det der høyrast jo nesten for utrulig ut. Vi har jo berre segla vestover heile tida. Men, sanneleg, jammen kjenner Petrell kjølvatnet på gangen. Gamle damer er ikkje til å kimse av. Her har vi vore før. Jorda rundt. Vi lettar på hatten og kan bekrefte at jorda er rund!

33 dagar seinare…

Grytidleg på morgonen vaknar eg av duvande reaggerytmar, musikken blir høgara og høgare, sola kikkar inn gjennom gluggen og Frode ruskar meg i håret. ”Welcome to the Caribbean, woman!”. Etter 3800 mil, 33 dagar, 15 utleste bøker, 7 dagar med vindstille og 4 timars søvnintervallar er det forgjettede land 2 mil unna.

Så snart ankeret har nådd bunn, høyrer vi padletak. Henri og Conor på ’Pamina’ dannar velkomstkomitèen. Vi får medalje rundt halsen, ankerdram og klem. Så er det ok å vere i land òg…



 

Bilder

Avskjedsseremoni p__ St_HelenaDen berykta JakobsstigenDet obligatoriske biletet ved Napoleon si gravEine forseglet m__ b__tastEt frakteskip passerer med liten marginFarvel til St_HelenaFest etter jordomseiling_Frode holder sverdet p__ black marlinFrode og JonathanFrode og Mr_DoradoFrode p__ radioenKanon-lunsj med LaFamiliaMarit sjekker ut kanonenSeiling i KaribienSnart oppeStillebeltet___Svell p__ ankringenUtsikt over down town St_HelenaUtsikt over havet

« Tilbake til reisebrev

×