Vel i havn!
11.06.2007
Siste natta blei avrunda med deilig seilas. Vind i ryggen, for første gang på nesten 4 veker. På morgonkvisten runda vi moloen i Horta, og skjøna fort at vi ikkje var dei einaste. Tett i tett, i rekke og rad, fem i bredden. Vi fann innsjekkingsbrygga, og skulle til å legge oss inntil ein båt... men Petrell gjekk ikkje i revers! Det rista og bråkte, men ingenting skjedde. Frode hoia til ein lokal fiskebåt som kom forbi, og dei fekk taua oss elegant på plass. Frode hoppa i våtdrakta (alle som har prøvd dette, veit at det ikkje går an å hoppe i våtdrakta), barberte bort barten og hoppa på sjøen. Vi hadde fått tau i propellen. Easy-peacy! Frode nappa det laust, og dramatikken var over :) Horta ser veldig bra ut så langt, grønt og frodig og koselige gater. Vo gler oss til å ha nokre veker her.
Alt vel, Petrell's
Alt vel, Petrell's



